Roser er lidenskap
– hjå Blomen og me er medlem i Roseforeningen. Det lille ekstra med roser – dei kan brukas i matlaging
Du såg vel kanskje logoen vår…? Veit du, det er mange som driv med design og slikt som har slakta den. Dei synest ikkje den er fin. Men me elskar den. Den er litt hippie – og det er me òg. Ikkje hippiar akkurat, men litt fargerike og utrolig glade i å leva livet.
Dette er utgangspunktet for arbeidet vårt, som går ut på å planlegge trivelege og funksjonelle hagar for utbyggarar, kommunar og folk flest.
Blomen hage & landskap blir drive av Elin Rydningen. Ho og dei andre tilsette har fagbrev i anleggsgartnarfaget i tillegg til gartnarutdanning og teknisk teikning. Me har opparbeida oss lang fartstid i anleggsbransjen.
Me er ivrige hageentusiastar som gler oss over å gjera oss flid med alle våre oppdrag. Me hjelper kunden til å finne sin personlege stil og leikar oss fram til eit profesjonelt resultat i takt med budsjettet kunden har sett opp.
Me jublar når me får vera med og så hagegleda hos folk. Me er opptekne av trivsel, økologi og naturtenking i hageplanlegginga, og dette kan også nyttast på små hageflekkar. Trivsel i hagen skaper ein gjennom fargar, former, planter og tre, og ikkje minst ved å kombinere matnyttige planter og hageblomar for sommarfuglar.
Hagebruk heile året er vårt motto, og vi lar ein heilskapstanke råde i prosjekta våre. Me ser utfordringar kring terrassar, innkjørsle, plassering av utestove, garasje og bod i samanheng. Samstundes tek vi omsyn til kapasitet når det gjeld vedlikehald, og er opptekne av å tilføre kunden plantekunnskap.
Private hagar
Offentlege anlegg
Burettslag
Kommunar
Tomteutviklarar