Ein hage med eigen bekk

  • bekk2

  • bekk3

  • bekk1

  • bekk4

  • bekk5

Ei kjelde til frustrasjon og fortviling vart til flott bekk.

Etter år med fuktig kjellar og ein blaut og sørpete plen som dei ikkje kunne trø på, var eigarane av denne hagen innstilt på å drenere kjelda til alle problema ut på jordet – ute av syne, ute av sinn.

Men Blomen såg potensialet og fekk ein idé om å bruke vatnet til eit spennande og vakkert element. Og slik vart det. Ei kjelde med vatn vart til barnleg leik, og bestemor og bestefar fekk eigen bekk i hagen.

Me hadde fokus på enkelt vedlikehald og la grunnlaget for ein god plen til å leike og trakke på. Planteval er gjort enkelt med planter ”for mor” som var sliten etter mange års luking, og med natursteinmur har me fått fram mjuke bogar og harmoniske overgangar.

Hagen framom huset skulle berre justerast, og me pøste på med favorittblomen: roser! Berget vart henta fram, og plenarealet vart redusert.

Dama i denne hagen går no berrføtt om sommaren – ho har brune bein!

Copyright © 2024 - blomenhage.no  |  Blomen hage & landskap AS, Galtaveien 147, 4150 Rennesøy.  |  Telefon: 415 06 578   |   E-post: post@blomenhage.no

Go to TOP